Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell ønskekonsert med utradisjonell musikk

Jon Olav Ørsal Sundag 31. juli 2016

Ønskekonserten var det siste musikalske innslaget under årets Stangvikfestival med musikalsk mangfald. Med Trygve Brøske som programleiar fekk publikum ein Brahms-inpirert konsert med stor kunstnerisk variasjon.  – Feira vart også det nye flygelet som Stangvikfestivalen har anskaffa saman med Vårsøghelga og Kulturskulen – med god støtte fra sponsorar.

Det var imponerande å høre alle dei dyktige artistane som bidro både instrumentalt og med song, og det er artig at vi kan få oppleve slikt på det lokale plan. Stor hønnør må vi også gi til stangvikgardingane som med god hjelp av hyttefolket i Stangvika klarer å trø iang eit slikt imponerande arrangement – det står det respekt av.

Stangvikfestivalen vart avslutta med fotballturnering på Svisholmen søndag ettermiddag.

Eit bildegalleri frå ønskekonserten har vi lagt ut nedafor.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. juli 2016, 20:19