Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell julegudsteneste

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2019

Julaftan var det mange som starta  den tradisjonelle julefeiringa med gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var Einy Rendal Elgsæther som var liturg under gudstenesta og vi fikk ta del både i juleevangeliet og i dagens preken som hadde det evige evangeliet som dagens tema. 

Flott solosong! Svein Volle bidrog med solosong under julegudstenesta på julaftan. Nyorganisten, Bjørn Vevang, sørga for akkompagnering. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi fikk også eit innslag frå galleriet, der Svein Volle sørga for flott solosong, saman med nyorganisten Bjørn Vevang på orgel.  Det var bra med folk som var møtt fram for å delta i julegudstenesta, og vi har nok godt av å repetere julebodskapet før julefeiringa starta.  Julegudstenesta vart runda av med «Deilig er jorden», og med salmesongen var det nok mange som følte at julefreden senka seg. Dagens takkoffer gikk til kyrkjelydsarbeidet i Todalen sokn. 

Julaftan: Julestemning og julepynt på Ja-benken – foto: Elinor Bolme

 

 

Publisert: 24. desember 2019, 17:37