Det var ingen som klaga på nokre få kuldegrader da det tidlegare i kveld var julegrantenning i Brusetmarka. Det skedde sjølvsagt i Trudvangkrysset, og treet er flott pynta med mykje lys. Triveleg med lokal julegrantenning som samla store deler av legmålet til litt sosialt samvær.
Tradisjon er det også at det blir traktert med litt julegodt og sjølvsagt vart det servert gløgg. Rundt 30 deltakarar deltok i julegrantenninga som altså er ein godt etablert tradisjon i Brusetmarka.