Todalen sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag. Å avslutte påska med friluftsgudsteneste har lang tradisjon – først var det på Haugligardane i mange år, men dei siste åra er det gapahuken på Tjønnmyran som har «husa» arrangementet. 2. påskedag startar gudstenesta på Tjønnmyran kl 12, og det er vikarprest Hans Arne Aakerø som er litturg.
Elles får vi høyre Bernt Idar Bøe som organist, og som kyrkjetenar vil fungere Tor Rune Halset. Prekenteksta er henta frå Lukasevangeliet 24, 36-45. Takkoffer til Kirkens SOS i Norge.
Todalen sokneråd ønskjer alle velkome til ei triveleg stund på Tjønnmyran. Yr.no borgar for at det blir opphaldsvêr utover dagen!