Førstkomande laurdag er det Todalsdag, og da er det tradisjonellt både ein og fleire dugnadskveldar i forkant av arrangementet. Tysdag kveld var det samla ein effektiv gjeng som fikk gjort unna det meste med tanke på oppfiffing av anlegget, slik som kantslått og utplassering av utstyr som skal brukast.
Sidane ein fekk gjort unna mykje av arbeidet i på tysdagsdugnaden så er det nok å berre samlast for å få på plass det siste av utstyr på fredag kveld. Da vil også storgrillen kome på plass og restaurantteltet og resten av utstyret.
Lars Stensby som er anleggssjef var godt nøgd med innsatsen til dugnadsgjengen og tykte ein no ligg godt for å kjøre i gang Todalsdagen på laurdag.
Her kjem nokre bildeglimt frå dugnaden tysdag kveld – laurdag er det klart for ein ny Todalsdag! Alle foto Jon Olav Ørsal