Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell brannøving utan eld…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Måndag kveld hadde brannlaget i Todalen brannøving med funksjonstest på utstyret.  Det har etter kvart vorte tradisjon at brannlaget i Todalen kombinerer vårens brannøving med å spyle og reingjere plassen mellom fabrikken og butikken til 17. mai.  Det er faktisk viktig at utstyret virkar når det verkeleg gjelder, og det vart testa ut måndag kveld.

Michal Heimlund er ein av utrykningsleiarane saman med Håvard Halset. Her spyles plassen framfor Matkroken Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Michal Heimlund, som er ein av uttrykningsleiarana i Todalen, fortal at dei er 6 personar i brannlaget i Todalen. Dei har årleg 6 lokale øvingar i Todalen, i tillegg er det med på øvingar i lag med helse og politi, samt brannmannskapa i Surnadal.  Helse er forresten ein viktig del av beredskapen for brannlaget, og ofte er det brannlaget som er først ute ved utrykning.  Dette er eit opplegg som ser ut til å fungere bra, og det lokale brannvernet er bra utstyrt for hjertestart og andre akutte tilfelle.  

Heimlund er også oppteken av forebyggende aktivitetar – det er faktisk lurt at alle kan skaffe seg litt kunnskap om førstehjelp, både med tanke på sjukdom og på ulykker. Det er nemleg viktig å kome i gang tidleg.  Utrykning til trafikkulykker er også eit av ansvarsområda til brannlaget.  Heimlund tykkjer det er ei skremande utvikling på det området – talet på ulykker har auka dei seinare åra. Han oppfordrar alle til å køyre med omtanke, slik at ein prøvar å unngå ulykker.  

Øverst på ønskelista når det gjeld utstyr er ein ny brannbil – kanskje det blir plass på neste budsjett? Foto Jon Olav Ørsal

Elles minner Heimlund om det generelle bålforbudet – det er nemleg generelt bålforbud i Surnadal i perioden 15.4. til 15.9.  Sjølvsagt går det an å få unntak, det kan det søkes om på nettsida til kommunen eller med direkte kontakt til brannsjeg eller feiar. brukar du eingongsgrill eller bålpanne so er det viktig at det blir sløkt skikkeleg når ein avsluttar.  

Dan Roger viser fram hjartestartaren og utstyr som står klart til utrykning. Foto Jon Olav Ørsal

Vi blir stadig påminna om at det er viktig å ha eit lokalt brannvern – det gjeld både brann og helse.  Det lokale brannvernet viser gong etter gong at dei er raskt på plass for å ta fatt på oppgåva.

Heilt til slutt har Heimlund eit stort ønske om at det lokale brannvernet skal få ein nyare brannbil.  Det har stått på ønskelista lenge, med laget har opplevd at det har vore salderingspost i menge budsjett så langt – kanskje blir det ei løysing i neste budsjett?

Her blir det reint og fint til 17. mai fortel Bjørn Kvendset. Brannlaget består elles av Dan Roger Pedersen, Anders A. Karlsen, Ståle Ansnes og utrykningsleiarane Håvard Halsent og Michal Heimlund.    Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 14. mai 2024, 06:00