Det er stor skogbrannfare i det meste av landet, og brannsjefane i Nordmøre og Romsdal innfører difor eit midlertidig totalforbud mot bruk av open eld utadørs. Det har vore minimalt med nedbør i mai månad, og det er tørt både i skog og mark. Brannfaren er overhengande og difor kjem no forbudet.På Surnadal kommunes Facebookside ligg følgande info ute om brannfaren og korleis ein skal forhalde seg til den:Forbudet blir gjeldane i alle kommunar i Nordmøre og Romsdal inntil anna blir varsla. Fra 15. april til 15. september er det eit generelt bålforbud i skog og mark, men det er da enkelte unntak slik som for små kaffebål, bål på tilrettelagte bålplassar og liknande.- Når det no vert innført eit totalforbud er det desse unntaka som fell bort og det blir dermed forbudt å gjere opp all eld i og i nærleiken av skog og mark. Risikoen for å starte ein brann blir rett og slett for stor. Dette gjeld også bruk av for eksempel eingongsgrillar. Ein kan fortsatt grille heime i sin eigen hage så lenge det skjer på ein forsvarleg måte, for eksempel ved bruk av gassgrill, seier Alf Magne Smørholm, brannsjef i Molde brann- og redningsteneste.Det varme været har gitt store delar av landet liknande tilstandar og mange plassar enda tørrere forhold. I går brann det i terrenget på Herøy på Sunnmøre. I følge skogbrannindeksen skal dei tørre forholda i marka vedvare og enkelte stader auke. Inntil forholda endrar seg vil det være stor lokal fare for gras- og lyngbrannar i Nordmøre og Romsdal.- Vi ønskjer å presisere at det å starte ein brann uansett er ulovleg, likegyldig av når på året det er. Aktsomheitsprinsippet gjeld 365 dager i året. Er ein riktig uheldig så kan ei sigarettglo holde til at det starter ein brann, seier Kjell Inge Mathisen, brannsjef i Kristiansund brann- og redningsvesen.Totalforbudet vil vedvare inntil det kjem betydelege mengder med nedbør og skogbrannindeksen vert senka. Opphevelse av totalforbudet vil annonsert på kommunene sine heimesider.