Vi har tidlegare laga ei sak om stabburet i Andersstua som kan være eit av dei eldste bygga i Todalen – kanskje nærare 400 år gamalt. I dag var det lagt nytt torvtak på det gamle stabburet.
Det er torv som er produsert på Oppdal på det gamle stabburstaket, fortel Peder Jensvoll frå byggfirmaet Lervike AS, som ein av dei som har jobba med stabbursprosjektet i Andersstua.