Grytidleg søndag var lossinga i gang på kaia ved settefiskanlegget. Det var MS Torvind som kom frå Herøysundet med knusagrus til Per Gjeldnes Maskin. Da vi stakk bortom kaia på føremiddagen var lossinga på det næraste ferdig.
MS Torvind kom med 1000 tonn knusagrus frå eit knuseverk i Herøysundet. Seint laurdag kveld kom båten inn fjorden, og la til kai ved Rossåa settefisk. Knusagrusen vart lasta over i dumparar og lagt i store dungar i kaiområdet med tanke på forskjellige bruksområdet utover vinteren. Det er iallfall ikkje farleg om det blir litt blankis utover vinteren – strøsand finns det!