Nei da, han er nok ikkje teken ut til keeper på Molde-laget, sjølv om han nok kunne tenkt seg det. Torstein er nemleg svoren Molde-tilhengar på sin hals, men er nok i yngste laget for ein slik oppgåve enno! Men Torstein Snekvik skal sørge for underhaldning, og spelar på årets cupfinaleshow for Molde FK på Youngstorget laurdag!
I det store teltet er det plass til rundt 2500 personar, og det er venta forventer stor stemning under familieshowet «Den blå timen» kl 14 laurdag. Torstein har med seg gitaristen Kristoffer F. Lysgård som han også spela i lag med under MOT-turneen tidligare i år. Programleiar for showet er Gaute Grøtta Grav, og mellom artistane er også Jesper og Jørn fra årets Idol. Torstein har som sagt alltid vore MFK-supporter og spela også under Molde FKs 100-årsjubileum. Som ivrig keeper har han Ørjan Håskjold Nyland som sitt store forbilde.