På siste kyrkjemøtet vart det gjort vedtak om at alle domkyrkjene og lokalkyrkjene som har høve til det skal ringe for å markere sin støtte til sivilbefolkninga i Gaza. Dette blir gjort gjennom å ringe med kyrkjeklokka og samtidig tenne eit lys og be for Gaza. Det skjer torsdag 7. august frå kl. 15:00.
Vi har eit spesielt ansvar for å seie ifrå, og gjer det på denne måten, seier biskop i Møre bispedømme Ingeborg Nordtømme. Det som skjer i Gaza er brot på all etikk, og det er på høg tid at vi markerer det som eit rop på merksamheit.
I Todalen vil vi torsdag ha opa kyrkje frå kl. 14:30, dersom det er nokon som vil stikke innom for å tenne eit lys for Gaza, seier soknerådsleiar Borghild Betten Talgø.