Førstkomande torsdag 19. juni er siste bibliotekdag for Todalen filial før sommarferien, melder bibliotekar karen Johanne Talgø. Opningstida er som vanleg kl 18-20, og det er viktig at bøker og anna lånemateriell som forfell eller har forfalle, blir levert inn da. Dersom nokon ikkje har lese ut boka og vil ha ho lenger, ta kontakt, mobil 913 37 168. Biblioteket ønskjer alle ein god sommar og vel møtt til hausten!