Torsdag kveld, er det klart for Idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Det er Surnadal Idrettsråd som er arrangør i samarbeid med surnadal kommune og på programmet står mellom anna utdeling av 4 prisar: «Årets prestasjon» – «Årets ildsjel», «Årets hederspris» og «Ungdomsprisen», der «Ungdomsprisen er ny og blir utdelt til ungdom mellom 13-20 år som har tenkt å satse vidare. Men dei har også mykje anna å by på….
Det blir innmarsj med to medlemar frå av dei 12 medlemsklubbene i idrettsrådet, Todalen idrettslag, Idrettslaget Søya, Bøfjorden idrettslag, Bæverdalen pistolklubb, Surnadal idrettslag, Surnadal NTN Taekwondo Klubb, Bæverfjord idrettslag, Surnadal golfklubb, Øvre Surnadal idrettslag, Trollheimen Ride-og kjørelag, Surnadal Motorkrossklubb og Trollheimen Sykkelklubb.
Det blir foredrag med Karina Andersen Aas som til dagleg jobbar som lederutviklar og mental trenear i Mind AS. Ho var også foredragsholdar på fakkelturneen i forbindelse med ungdoms-OL. Elles kan vi nemne at Gøran Bolme blir konferansier under arrangementet, der Surnadal kulturskole har tre underholdningsinnslag og Surnadal Taekwondo Klubb ett innslag.
Komiteen består i år av Laila Kvendset Bergli, Geir Forbregd og Ella Bolme, medan Ola Magne Nordvik, Øyvind Magnor Bøe, Gørild Åse Solheim og Lilli Husby er årets jury. Alle velkommen til idrettsfest i Storstuå, Surnadal kulturhus 7.april kl.1900