På torsdagar er det lagt opp til undervisning utendørs for dei yngste elevane ved skulen, fortel Torild Gjeldnes, som er lærar for gjengen frå 1. – 4. klasse. Denne torsdagen trefvi gjengen ved Båthølen – der både gapahuken og fiskerampen vart bruka – her lag det an til ein lunsjpause.
Det var nok godt å fylle på litt nistemat for å få skikkeleg guts for den vidare skuledagen. Oppgåva på turen nedover frå skulen var å prøve finne uønska planteartar i faunaen vår. Ein del artar står på den såkalla «svartelista», og elevane fann med litt hjelp fleire artar som står på lista – mellom anna kjempespringfrø.
Nyttig lærdom om ting som finns i nærmiljøet og sjølvsagt vart det triveleg å kome til gapahuken og få ein liten pause, der ein kunne ta fram matpakka og nyte både maten og naturen omkring.