Årests Stangvikfestival er komen i «startgropa», og vil som vanleg tjuvstarte i Todalen med framsyning av «STEMT» med Marianne Meløy og med stangvikgardingen Trygve Brøske som tonefølgje. Det skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka torsdag 24. juli kl 19.00. Komplett program finn du her
Elles er det eit allsidig kulturprogram under Stangvikfestivalen 2014 som fortsett i Stangvika fredag 25. juli, der både Prestegarden, Bondehuset, Stangvik kyrkje og Svissholmen stadion er arena for arrangementa. Her kan du laste ned oversikt over alle arrangement for Stangvikfestivalen 2014 som PDF-dokument.
Festivalkaféen vil vere open heile helga. Her selges mellom anna verdas beste fiskeburger, og serverer i tillegg både vått og tørt , med god kvalitet og stor spennvidde som det står i programheftet. Her kan du laste ned det komplette festivalprogrammet!
For alle arrangementa kan du kjøpe billett ved inngangen, og dersom du tenkjer å ta del i fleire arrangement kan det lønne seg å kjøpe festivalpass som gir tilgang tal alle arrangementa, og som kostar kr 750,-.