Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tormod jubilerer med salmekonsertar

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. september 2025

Velkomen til vår jubileumskonsert, vår storsatsing med salmekonserten vi har kalla «Blott en dag». I samband med 30-årsjubileet inviterer vi til to salmekonsertar i haust. Du kan høyre oss i Øye kyrkje, laurdag 4. oktober og i Rindal kyrkje søndag 5. oktober – begge dagar kl. 17:00.  Billettprisen er kr 300 og du kjøper billett ved døra.

Vi har denne gongen forsterka koret med dyktige musikarar – Skjalg Raaen på gitar (Kjent frå Åge og Sambandet), trompetisten Sindre Skauge, Olav Nergård Tørset på trommer og Bjørn Kleivenes Vevang på tangentar.

I samband med jubileumskonsertane er koret inspirert av salmetradisjonen etter Sigvart Dagsland og Iver Kleive, og lover eit gromt lydbilde og ei stemningsfull oppleving – kom og bli med oss på feiringa, er oppfordringa frå koret Tormod som altså er i jubileumsmodus.

 

Publisert: 4. september 2025, 16:00