Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Torkjel fikk Den Gyldne Patron

Torkjel fikk Den Gyldne Patron

Jon Olav Ørsal Sundag 29. november 2009

Nærare hundre todalingar sette kvarande i stemne under årets Hjortfest i Ungdomshuet laurdag kveld. Det var T.I.L. som var arrangør, med Talgø og Kårvatn jaklag som vertskap. Dei diska opp med velsmakende viltgryte til heile gjengen, og sjefskokk Jon Olav Roaldset fekk mykje skryt for den.
Festledar Ragnar Halle introduserte kveldens program og fortalte om influensaen som herja i programkomiteen. Dette gjorde at arrangøren måtte sette inn nokre reserveløysingar, men programmessig kom dei likevel godt ut av det. Borghild, Øystein og Lars framførte ei visa «Da elgarna kom..» som var laga for høvet.
Ellers var det bidrag med gode historier fra jaktlaga rundt omkring i bygda, og ikkje minst utdeling av heidersprisen Den Gyldne Patron.
Det var knytt stor spenning til kven som fikk prisen i år, men da Ragnar kalla Torkjel Ansnes Moe opp på scena kom det spontan applaus frå salen.
Ragnar fortalte om ja-mennesket og hjelparen Torkjel som stiller opp og hjelper til på mykje av det som foregår i bygda. Han nemnte plenklipping på Bordholmen, sjåføroppdrag for å få ungdomane trygt heim frå fest og mykje anna som grunngjeving for utdelinga, som tydeleg hadde god ryggdekning i bygdefolket.
Til slutt var det tid for ein svingom, der Øystein Moe trakterte orgel, Rune Moe spella gitar og Erik Kårvatn på trekkspell.

Publisert: 29. november 2009, 02:57