Laurdag 23. oktober kl 13 opnar ho utstillinga «Parkett» i Kunstsentret i Molde. Denne veka har Toril Redalen og Narve Talgø vore i full sjau med monteringa i Kunstsentrets prosjektgalleri. På Kunstsentrets nettside finn du meir omtale om Toril og utstillinga i Molde.
Dette året har det vore stor aktivitet rundt Toril, og når ho neste veke tek del i ei utstilling i Texas, er det den tiande dette året. Neste år er det også travel, for på nyåret sett ho kursen til Kina for kunstneropphald, og seinare på vinteren til USA. Men ho lovar at ho er attende i Todalen til opninga i Svinviks arboret i mai.
Utstillinga opnar som sagt laurdag 23. oktober, og vil vera open til 21. november. Skal du til Molde i den perioden, så er det berre å stikke innom!