«Norske Kunsthåndverkerenes Årsutstilling» er den største årlege mønstringa av samtidskunsthandverk frå Norge. Alle som arbeider med materialbasert kunst i Norge kan søke om å bli med, og i år var det 762 kunstnarar som søkt med om å få vere med. Meir enn 2000 kunstverk vart vurdert, og av desse vart 56 kunstnarar og 63 kunstverk med på utstillinga på Nasjonalmuseet i Oslo.
Ein av kunstnarane som vart med, er keramikar Toril Redalen frå Austigarden på Kvennset i Todalen. Ho deltek med kunstverket sitt, som ho har kalla «Lettuce Legacy – Salatstudie». Arbeidet er ein installasjon samansett av 175 deler av leire og keramikk.
Toril fortel at talet på søkarar på utstillingen i år var rekordstort, og og at ho ikkje hadde den heilt store trua på å få delta på utstillinga i det flunkande nye Nasjonalmuseet. Utstillingen har opa innsending og blir vurderes av Norske Kunsthåndverkeres sin nasjonale jury, som består av tre kunsthandverkarar med ulik fagleg bakgrunn, oppnevnt av NOrske kundshåndverkere sitt landsmøte. I tillegg til en fagrepresentant frå museet. Søknadane blir vurdert i to omgangar, på bakgrunn av digitalt materiale. Toril fortel at talet på søkarar på utstillingen i år var rekordstort, og og at ho etter å ha kome videre til andre juryering, anna kvar dag skifta på å ha litt trua om å bli ei av dei få som skulle få vise arbeidet sitt eller ikkje få bli med. Det flunkande nye Nasjonalmuseet drog nok litt «ekstra» i søknadsmotivasjon, og ho vart kjempeglag for å bli ein av dei 56 kunstnarane som fekk vere med på utstillinga!
Så om du er i Oslo og tek turen innom årsutstillingen finn du arbeid utført i keramikk, tekstil, glas, tre og metall. Alt frå små objekt til skulpturar, veggarbeid og større installasjonar. Bidraga kan være nyskapende både i ide og tema, i tilnærminga til materiale og i kunstverket si form og framtoning. Årsutstillinga blir også nemnt å vere ein hovudaktør for å synleggjere tendensar og trender innan denne forma for kunst.
På verkstaden sin i mjølkehuset i Austigard på Kvennset, har Toril forma dei ulike delane til installasjonen sin. Leira Toril brukar er utvunnen i Trondheim, Sandnes, Grenland, Cornwall og Bøhmen. Det meste er blåleira, medan nokre av delane er laga av porselensleire, som ho har laga sjølv. Leira er delvis innfarga, glasert og brent. Delane er ulike avbildningar av salat. Dette skriver ho om verket sitt i utstillingskatalogen:
«Lettuce Ware» var del av genren Trompe l’oeil-keramikk, som oppsto i England på 1700-tallet. Salaten ble framstilt så naturtro at betrakteren skulle oppleve den som virkelig. Fluxuskunstnerne, på sin side, insisterte på den kunstneriske prosessen i stedet for resultatet. I Make a Salad (1962) framførte Allison Knowles noe så vanlig som å lage, servere og spise en salat. Dette er en studie av salaten som «ware», men også av salatens væren som vekst og mat – og som jord, med evig evne til å bli og blandes.»
I forkant av utstillingsopninga reiste Toril med alle bitane i kofferten med buss for tog til Oslo. Ho fortel om ei unik oppleving da ho fekk komme «behind-the-scenes» i Nasjonalmuseet for sjølv å få montere verket sitt. I to dager arbeidde ho saman med gjenstandskonservatorane Maren Midtdal og Kristin Vaage med å få bitane på plass i rett formasjon.
Toril fortel: ”Da jeg tok masteren min på kunsthøyskolen i Bergen i 2007 opplevde jeg at sensoren mistet eksamensarbeidet mitt i gulvet så det knuste midt under sensureringen. Dette fordi vedkommende ikke var vant til å håndtere leire. Når jeg samarbeidet med Maren og Kristin var materialet bokstavelig talt helt i trygge hender! De hadde et grep og trykk rundt de ulike bitene som var forbilledlig, en håndkunnskap de har fått av utallige materialmøter over tid”
Kunstkritikarne sparer ikkje på superlativa når dei skriv om Årsutstillingen på Nasjonalmuseet i år. Lars Elton skreiv i Dagsavisen 3. november mellom anna: – Årsutstillingen 2023 er så bra at den oppleves altfor liten….. Kvaliteten er så god at mange flere kunstnere burde sluppet til. Men det er det ikke plass til. Alternativet til Høstutstillingen vises i de samme salene som huset Nasjonalmuseets populære Thorvald Hellesen-utstilling. Utstillingen burde vært i lyshallen: Kunsthåndverk er materialbasert kunst som tåler lyset i den vakre hallen.«
Mona Pahle sin omtale kan du lese på kunstavisen.no/artikkel/2023/rik-opplevelse
Utstillinga er opa ut året, og vi skulle helse frå kunstnaren, å seie at ho blir utrolig glad for alle som tek turen innom Nasjonalmuseet! Toril anbefaler også å sjå utstillinga av Harriet Backer!