I tida frå 23.mai til 14. september i 2025 har Nasjonalmuseet ei utstilling med tittelen «Ny nordisk. Mat, estetikk og sted». Dette er ei omfattande og variert utstilling med arbeid og kunstverk frå alle dei Nordiske landa.
«Toril fortel dette om utstillinga og verket sitt:
I 2018 såg eg ei kunstutstilling i Barcelona om det katalanske kjøkkenet. Eg hugsar det overraska meg kor tett kopla maten og kunsten var, ikkje berre i tematikken, men også i det materielle. På veggen hang måleri og foto av kjøkken og måltid, men det mest rørande fann eg i eit monter: ein liten tallerken med ein fisketrykk i leire – eit fossil av ein middag, laga av Picasso.
Han hadde filetert ei flyndre, ete ho, og så trykt fiskebeina ned i ein leiv med leire. «Plate with Fish Fossil» heiter arbeidet. Picasso var ikkje kjend for å vere nokon kokk – han var sparsam og nesten asketisk når det kom til mat – men kjøkkenet var likevel eit rom han arbeidde i. Det var der han fann materialet. Han laga bilete av papp og serviettar, brødbitar og restar. I Malaga måla han barndommens kjøkken: eit stilleben, eit interiør, mor si. Seinare skapte han keramiske fat og skåler i same rom, med same utgangspunkt.

Til opninga fekk Toril invitere med seg en gjest; Siri Skjerve. Både Toril og Siri er kunsthandverkarar med arbeidsplassane sine i Todalen. Dei har samarbeidd tett i fleire år – både i eigne og felles kunstprosjekt. No har dei eit pågåande samarbeid med tittel «Jordsmonn» til utstillinga «Doggerland» som opnar på Molde Kunstsenter 4. oktober. Foto: Toril Redalen.
Eg har ofte tenkt på kjøkkenet som eit slags verkstad. Eit lite samfunn i miniatyr. Der blir ting levert, sortert, foredla og fortært. Det er eit rom for ritual og tradisjon, men òg for oppfinning, fryd og gammen. Mykje av det eg arbeider med, kjem frå den ideen: Eit rom der materiale og erfaring smeltar saman.
Verket Lettuce Legacy – salatstudie, som eg deltek med i denne utstillinga, hentar inspirasjon frå både kunsthistorie og kvardagskultur. Eit viktig utgangspunkt har vore «Make a Salad» av Fluxus-kunstnaren Alison Knowles – ein performance der ho, framfor eit publikum, lagar og deler ut ein diger salat ved å kaste han i lufta med begge hender. Som kunsthandverkar opplever eg at det ikkje finst noko klart skilje mellom hand, tanke og rørsle. Både i «Make a Salad» og i mitt eige arbeid; lagra liv, rørsla, repetisjonen, og ein rytme. Begge ein skikkeleg “crossover” av ein salat.
Eg har lenge vore oppteken av mat som eit materiale i seg sjølv – ikkje berre som motiv eller sosialt rom, men som noko ein jobbar med på same måte som med leire, glasur eller stoff. Det handlar om transformasjon, og det handlar om nærheit. Ein salat er noko du lagar med hendene. Du dyrkar han, vaskar, riv, blandar. Du deler han med andre, et han, og han blir ein del av deg.

Toril fekk «seriøst bra hjelp» av Line Marie Kvendset der dei saman utvikla eit nytt leggemønster for dei ulike salatfragmenta. Line teikna eit kart som konservatorane følgde under monteringa. Foto: Toril Redalen.
Eg trur ikkje det er tilfeldig at mange tendensar i kunsten startar i maten. Mat er ikkje berre næring, men også ein måte å uttrykkje identitet, omsorg og erfart liv på. Den nordiske estetikken som Nasjonalmuseet undersøker i denne utstillinga, har mykje med det å gjere: råvarer, landskap, handverk. Alt det finst også i salaten – i leire og jord og i den keramiske forma.»

Fullt hus! Opningstale ved Ingrid Røynesdal som er direktør for Nasjonalmuseet. Fotoeigar: Toril Redalen.
Utstillinga har vekt stor interesse, og publikum strøymde til opningsdagen. Også dagen todalen.no var der, var det mange interesserte som vandra mellom kunstverka. Her er det utstilt alt frå mat i mange former, bestikk, servise, kjelar, krukker, steinplater og anna utstyr for å lage og lagre mat. Det er døme på korleis ein kunne bevare maten tidlegare med jordkjellar, tørking, salting, hermetisering og fermentering. Mykje interessant å sjå og lese, treng god tid!
Skal du til hovudstaden eller bur i Oslo eller nærheieta, så er utstillinga vel verdt eit besøk!
Utpå hausten blir utstillinga flytta til Nasjonalt nordisk museum i Seattle. Museet er frå 2019, og er eit imponerande kulturbygg som på framifrå måte viser heile den nordisk-amerikanske soga.
todalen.no gratulerer Toril med utstillinga og ønsker ho lykke til vidare!
Fleire bilete:

Rune Halset frå Elvagard studerer verket til Toril. Edvard Munch-bilete til venstre. Toril er i godt selskap. Foto: Marie Halset.

Hit til National Nordic Museum i Seattle skal utstillinga til hausten. Fotoeigar: National Nordic Museum.
Lenke til sak frå 2023: