Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torgdag og minimaraton laga liv på Skei

Elinor Bolme Laurdag 29. august 2015

Dagens minimaraton arrangert av Thon Hotel Vårsøg, og Kreativt Forum sin Torgdag gjorde at det var mykje folk ute på Skei midt på dagen i dag. Fleire av dei lokale politiske partia nytta dagen til å komme i kontakt med sine veljarar og synleggjere seg i «bybildet». Ellers var det også litt lokale handverkarar og kremmarar ute for å selgje sine produkt, samt rå for å prøve nybilar. Utanfor kommunehuset hadde bilselgarane teke stand med det siste av det siste innan bilsjangeren.

Litt ekstra må nok Minimaraton nemnast, for dette arrangementet bidrog til litt ekstra liv i gatene. 13 lag frå ulike bedrifter og lag og organisasjonar hadde teke sjansen på å melde seg på dette nyskapande arrangementet av Thon Hotel Vårsøg. Her var det ulikt engasjement blandt dei påmeldte laga som skulle gjennom ei 8 km lang løype rundt bygda. Men sidan det var premiering både for fart, utkledning og «toillfere» var det plass for alle. Også for dei som kun ville gå rundt bygda for ei god sak. For påmeldingsavgifta til samtlige lag gjekk til Barneidretten i Surnadal IL.

Eit godt påfunn frå både Kreativt Forum og Thon Hotel Vårsøg, ikkje minst at det vart lagt saman til eitt felles arrangement.

Under er eit lite bildegalleri frå både tuppfere, god stemning og engasjement på Torgdag/Minimaraton. Alle foto Elinor B. Beklager at galleribilda nok ein gong ikkje er synlege, men det blir dei når du går inn i galleriet.

Publisert: 29. august 2015, 19:55