Komande torsdag dreg Torbjørn Brøske til Alanya i Tyrkia på jobb som prest for Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkja og Utanriksdepartementet seier at det er trygt der, men eg må tilstå et eg er litt spent, seier Torbjørn. Kona Rannveig kjem etter om ei veke, og saman skal dei to drive Sjømannskyrkja i turistbyen Alanya i 5 veker i august og starten på september.
I Alanya er det mange nordmenn som ferierer – både på korttidsferie og langtidsferie i tillegg til fleire fastbuande. Akkurat no, rett etter kuppforsøket er det unntakstilstand i Tyrkia og det er nok mange som lurer på om det er trygt. Difor er det viktig at kyrkja er bemanna, slik at folk får kontakt og treffer folk der. – Vi gjorde avtale om å reise dit omkring påsketida, og no er vi altså klare til å dra. Sjømannskyrkja i Alanya ligg i eit trygt og roleg område i Tyrkia, så det går nok bra.
Sjømannskyrkja har eit godt samarbeid med konsulata på dei plassane dei jobbar. Slik er det også i Alanya. Om folk kjem til Sjømannskyrkja i samband med problem som oppstår, så hjelper vi til slik at dei får kontakt med konsulatet. Det er dei som har ansvaret og som hjelper folk slik at dei får kontakt vidare til den hjelpa dei treng. Og Sjømannskyrkja er godt besøkt – det er så rart med det at når ein har vore heimafrå ei stund er det godt å kome til noko trygt og kjent. I Alanya er det mest turistar som kjem til Sjømannskyrkja, for det er lite norske sjøfolk i dette området. – Alle som kjem skal bli tekne godt i mot, for alle er velkomne i Sjømannskyrkja, seier Torbjørn.
Rundt heile verda er det til saman 31 sjømannskyrkjer – mange av desse har i dag mest besøk av turistar og studentar, men det er også mange som enno er ein viktig utpost for sjøfolk. Og Sjømannskyrkja er kjent for sine gode vaflar, og det skal vi også varte opp med på Sjømannskyrkja i Alanya, seier Rannveig