I går kveld møttest topp og bunn i herrenes 5-divisjon avdeling 1 til kamp på Bordholmen. Heimelaget Søya/Todalen fekk da besøk av tabell-leiar Frei, der Frei tok med seg alle tre poenga heimatt., etter heile 0-10 i ein målrik kamp, i bortelaget sin favør. Søya/Todalen ligg dermed fortsatt neders på tabellen med berre 3 poeng, medan topplaget Frei har 23 poeng.
Søya/Todalen låg under 2×45 minutt.
Kenneth Sætherbø ragar høgast. I allefall sett frå denne vinkelen.
Alle foto: Jostein Væge