Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Topp forhold…til gulerotdyrking

Topp forhold…til gulerotdyrking

Elinor Bolme Fredag 16. april 2010
No har familien Kårvatn sett press på Surnadal kommune om å foreta naudsynte utbetringar på vegen opp til Kårvatn. Det resulterte i at Per og Arne Gjeldnes i dag skråpa og grusa dei mest utsette strekningane mellom Falla og fram til Kårvatn. 

Erik og Gudmund Kårvatn har ved fleire høve vore i kontakt med komunen om vegforholda, men i følgje Surnadal kommune har dei ikkje pengar å avsjå til utbetring av vegen så han blir bra. Vedlikehaldet på denne strekninga har dei siste åra vore minimal på grunn av kommunale innskrenkingar, noko som gjer at vegen er kome ned til til eit absolutt minimumsnivå av korleis den bør vere standardsmessig.

 Ved Innerdalsmerket

I alle dei åra Erik Kårvatn har budd her, kan han ikkje minnast at vegen har vore så dårleg som han er no. Etter snøsmelting og vårløysing har det vorte mest som ei einaste «plogfårr» heile vegen. Og som Gudmund Kårvatn seier ; «Dette er jo tross alt ein veg der det ferdast mykje turistar, så det måtte no vere i Kommunen si interesse å halda han i minimum brukbar stand! Berre sist søndag var det mellom 50 og 60 personar som kom oppover for å gå på toppturar i området. Og signaleffekten av den turen vil eg tru var delt…»

Transportnæringa har og kome med innspel om at vegstandarden kanskje har sett betre forhold.

  «Plogfårra» mellom Vassosen og Kokkhuset

Publisert: 16. april 2010, 18:00