Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Topp forhold på Kårvatn

Topp forhold på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. januar 2010

Det var topp forhold for Skialpinisme i Dalalia på Kårvatn under rennet laurdag. Både Ola Hovdenak som vann rennet og Ola Berger som vart nr 3 hadde aldri kjørt løp under så fine forhold og dei skamrosa Todalen idrettslag som arrangør.
Det var tilsaman 34 deltakarar som stilte til start i dette krevande løpet, som hadde start på Bekkøya ved Kårvatn og som gjekk opp til toppen på Tydalsnebba (1274 m.o.h).
Og det var som venta Ola Hovdenak som leda praktisk talt fra start til mål, og han gjennomførte på ei imponerande slutttid på 1.45, 03. Da hadde han bruka 5,53 minutt på turen ned! På andreplass kom Andre Jonsson fra Åre i Sverige 5,31 etter. På tredjeplass kom Ola Berger, 10,29 etter.
Det var litt kaldt på stadionområdet, men ikke mer enn 6-7 kuldegrader og det må tåles. Oppe i lia og oppå fjellet var det sol og dei som hadde teke turen opp hadde kjempefine forhold.
Øvelse på skredsøk med redningshelikopteret måtte settes ut til søndag. Det eine helikopteret hadde teknisk feil, og dermed måtte reservehelikopteret som skulle til Kårvatn inn i beredskapen på 338-skvadronen på Ørlandet. Derfor er denne øvinga sett ut til søndag.
Løpet fortsett søndag, så vi kan berre anbefale folk til å ta med skiene og ta turen til Kårvatn da. Det er kjempefine parkeringsforhold og topp skiføre, så det er finne fram skiene og koke på termosen!
Her finn du resultatlista frå laurdagens renn

Nedafor har vi lagt ut eit par bildeseriar. Ivar Bolme har tatt bilde oppå fjellet, mens Jon Olav Ørsal var i start/målområdet på Bekkøya.


Først publisert: 30. januar 2010, 21:17 - Sist oppdatert: 30. desember 2010, 10:05