Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Topp blomstring i arboretet akkurat no

Jon Olav Ørsal Sundag 30. mai 2021

No, og nokre dagar framover er blomstringa på topp i arboretet. Den siste tida har det vore massiv rododendronblomstring, men no er også fruktblomstringa i full flor.  Etter at ein lang kaldperiode forsinka blomstringa tidlegare i vår, så har det varme og fine sommarvêreet sett full fart på blomstringa no.  Blomstringa i frukthagen har nærast eksplodert fortel Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagansvarleg for Svinviks arboret. 

Imponeranse brododendronblomstrin i arboretet akkurat no – her frå inngangspartiet. Foto Jon Olav Ørsal

No om dagen er det fullt kjør i arboretet – i løpe av ein times tid søndag kom det rundt 40 bilar på parkeringsplassen, og laurdag vart det selt rundt 150 vaksenbilettar.  Når så barn og ungdom går gratis så var nok det reelle talet mykje høgare.  Travelt var det også i kafeteriaen, men i det fine vêret så er praktiserer dei uteservering og dermed godt smittevern. 

Arboretet deltek i eit prosjekt for bevaring av gamle fruktsortar i ein slags genbank eller klonearkiv for poda frukttre.  Prosjektet omfattar ca 50 sortar som skal takast vare på i Noreg, og dette er eit prosjekt som blir finansiert gjennom Landbruksdirektoratet. 

Heile åsen nedafor arborete blomstrar – no er det verd å ta ein tur i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Hallvard hadde mange sortar i arboretet – nokre var kjente og sikre sortar, men han lika også å eksperimentere litt med framande sortar for å sjå om dei trivdes i Svinvikgjengstøa. Offisielt hadde han 65 sortar epler, men vi har iallfall funne 76 sortar på lister etter Hallvard. No har vi tilbake 72 sortar i hagen.  Når det gjelder pærer er det offisielle talet på 19 sortar, men vi har funne 27 sortar på listene og der er alle på plass i gjen.  Når det gjelder plommer er det same tilfellet – av 20 sortar på listene har vi funnet 15 sortar.  I tillegg er det 9 sortar kirsebær – av disse er det funnet 4 sortar på Svinvik Gard.   Totalt er det i dag 123 forskjellige fruktslag i arboretet – sortar som alt er planta ut eller som skal plantast ut – av disse står 53 på bevaringslista. 

Bildegalleri frå Svinviks arboret – no er det verdt å ta ein tur for å få med seg både rododendrong- og fruktblomstringa.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

DSC_0869

Image 8 of 9

Full blomstrim i alleen ved inngangen

Publisert: 30. mai 2021, 12:22