Juleverset – «Eit lite barn så lystelig» var ein av ingrediensane da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte til støttekonsert og songkveld i kyrkja onsdag kveld. Sjølv om det var berre eit lite tjuetal som tok tilhøyrarplass i kyrkja denne kvelden, så fekk iallfall vi som var der ein fin kveld med flott korsong og dei som ville kunne delta i allsongen.
Kora bydde på songar frå den nye songboka, med både kjente og meir ukjente innslag, og var innom både gospelsongar og sågar julesalmer. May Elisabeth Holten fekk den store æra å velge «Min salme», og når vi no nærmar oss advent så var «Deilig er jorden» eit ganske natuleg val. Kjente faktisk ein snev av julstemning når den tona ut i kyrkja.
Dirigent Bernt Bøe sydde saman arrangementet på ein lun og fin måte, og minte oss på solidaritetstanken i samband med flykningsituasjonen både i Noreg og elles i Europa, og at kveldens kollekt gikk til Kirkens Nødhjelps flykningearbeid. Einy Rendal takka for ein fin songkveld både dirigent og dei to kora på vegne av publikum.