Todalskoret inviterer til songkveld i kyrkja si onsdag. Nye salmetonar og «Korsong året rundt» står på programmet. All inntekt går til flyktningesaka. Saman med Åsskard Kyrkjekor vil vertane ta forsamlinga med på vandring gjennom ulike faser av kyrkjeåret. Det blir smak av både påske og jul og glimt frå ulike tider og stilartar i korlitteraturen. Blant komponistane er Bach, Handel, Haydn og Mendelssohn.
Frå den nye «Norsk Salmebok» blir det m.a. henta fram nye juletonar med tanke på høgtida som nærmar seg. Mykje av programmet er avsett til allsong – med kommentarar innimellom. Som i Stangvik og Åsskard tidlegare i haust er all inntekt (kollekt) frå Tonekvelden øremerka Kirkens Nødhjelp sin innsats for flyktningesaka.