Onsdag kveld (7/3) kl 19.30 er det klart for tonekveld som dei har kalla «Salmeskatt i jeans & bunad». Det skjer i Todalen kyrkje, og det er Bernt Bøe med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som vil underhalde oss med song og musikk kvelden. Dei har og med Sigrid Bøe, Daniel Bjørlo og Torgrim Tunes denne kvelden. På plakaten står det at vi får høyre Tangorytmer og Bach-korat, Spiritual og Bibelsalme, Folketone og klassisk, velkjent og nytt, allsong og korsong, solo og orgelmusikk, samt kåseri og opplesing. Med andre ord ein allsidig kveld med mykje kultur. – Og etterpå serverer soknerådet kaffe i kyrkja. Her finn du plakaten.