– Når vi hører spennvidda mellom koret sin tekst frå Dødehavsrullane med irsk folketone på ei side og duettane frå ”Bedehusland” med trekkspeltonar på den andre, merkar vi kor variert og fargerik salmeskatten er, sa kåsør Sverre Hatle under Tonekvelden i Todalen kyrkje onsdag. Han hadde med seg Todalskoret, organist Bernt Bøe, sokneprest Bernt Venås, duoen Karen Oddny og Sigfred Gravvold og trekkspelmusikaren Oddmund Solem.
Aktørane understreka denne variasjonsrikdomen ettertrykkeleg. Ei interessert forsamling fekk både lytte til og synge med i nye og kjende salmar.
Todalskoret bretta ut noko av breidda i kyrkjesongen – frå bibelske salmar med moderne tonesetting, via Bellman-tonar til nye tekster, irske tonegangar (”Som toner i en evig sang”), søramerikansk tango (”Fordi han kom”) og spirituals (”Were You There”) tilbake til vekjende og vakre ”Å ver hjå meg”.
Trioen Karen Oddny, Sigfred og Oddmund utstråla – som alltid – alltid glad bodskap og glad musikk med sin bukett songblomster frå ”Bedehusland”. – Denne musikken gjer noko med meg og får meg til å føle glede over det vi eig, sa Karen Oddny under planlegginga av programmet. Dei tre hadde kjempesuksess med ei enda fyldigare utgåve av programmet i Fjøset på Surnadal Bygdemuseum tidlegare i haust og vinn seg stadig nye venner.
Sentralt stod kåsøren og salmeforfattaren Sverre Hatle, som tok forsamlinga med på innsida av salmebokutkastet ”Salmebok 2008”. Han har på vegner av både Nordmøre Mållag og seg sjølv sett seg grundig inn i framlegget, som kanskje – kanskje ikkje – vil munne ut i eit nytt norsk salmebokverk. Han har også dikta eigne tekstar, har omsett mange og har grunngjevne meiningar om kva ein god salme i vår tid er.
Fru Randi Hatle deklamerte Ingebjørg Kasin Sandsdalens dikt ”Eg såg ikkje Gud, men eg kjende nærleiken av det heilage”. – Dette bør stå som motto for eit komande salmeverk, sa Sverre.
Bernt Venås runda av programmet med interessante tankar om salmeoppleving. Både barn og vaksne knyter gjerne varige – om enn ulike – minne til salmane vi har høyrt, sa han.
Todalen sokneråd spanderte kaffe og kaker etter at programmet var slutt. Og no vart kroken bak i kyrkja til ei hyggestue, der praten gjekk livleg og der Oddmund igjen drog fram trekkspelet. Det vart ein festleg minikonsert til kveldskaffen – der han aller mest imponerte med Frosinis virtuose variasjonar over ”Karneval i Venedig”.
Jau – kyrkja, i Todalen som andre stader, er ein fin opplevingsarena for mange gode uttrykk som gjer det rikt å vera saman.