Songarane Sigrid Bøe, Maria Moen Nohr og Andreas Moen Nohr, fiolinisten Anders Larsen og pianisten Hedda Hansen Berg har mange venner på Nordmøre. Fredag vil dei kanskje vinne enno fleire – med eit lekkert julekonsertprogram i Stangvik kyrkje.
Med det eldgamle klenodiet «Et lidet Barn saa lysteligt» – sjølve Julverset frå nettopp Stangvik – og «Nøtter for Askepott» som ytterpunkt har dei unge talenta plukka godsaker frå julemusikkens velfylte spiskammers. Etter at songtrioen og pianisten hadde sysla med planene om gjensyn med Stangvik-domen og det gode publikum frå tidlegare julekonsertar her, kom også Vebju-aktuelle Anders Larsen med på laget. Hans fiolinspel vil legge ein eigen dåm over førjulskvelden i den vakre kyrkja.
«Josefs Julevise», «Nordnorsk Julesalme» og «Deilig er jorden» hører sjølsagt med – blant alt vi ikkje har nemnt og som du må møte opp for å få med deg!