Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tømmerdrift på gang i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 21. oktober 2024

Det er Solli Skog frå Surnadal som har oppdrag for Kristen Bruset, der det skal hoggast eit par tusen kubikk med gran og furu. Litt lauvskog blir det også med i same prosjektet, som dei reknar med vil ta tre veker eller der omkring. Her skal det hoggast eit granfelt ved Vårsetra, og elles frå nederste del av Bjørålia og utover til Korslia mot Storhaugen.

Her ser vi lia som skal hoggast – granfeltet ved Vårsetra og området til Korslia mot Storhaugen. Foto Jon Olav Ørsal

Det er bygd ny lunningsplass frå Nylevollen, og der har Solli Skog ein slags base i anleggsperioden, fortel Martin Solli, som er teamleiar i Solli Skog.  Solli Skog er utstyrt med hogstmaskin, lastberar og gravemaskin for å utføre jobben i Brusetmarka.

lastbæraren har henta det første lasset ned til lunningsplassen på Nylevollen. Foto Jon Olav Ørsal

Hogstmaskina i aksjon – det skal også ryddes litt lauvskog i tillegg til rundt 2000 m3 med gran og furu. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. oktober 2024, 11:54