Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tømmerdrift i utfordrande terreng

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mai 2025

I Halanesset, frå Stormyrhaugen og utover til Skrøå er det stor tømmerdrift i regia av Allskog og Sollid Skog AS.  Dagleg leiar Bjørn Kåre Sollid fortel at det tilsaman er 2.600 m3 med grantømmer som skal sages ned og fraktes fram til veg.   – Vi har ei utfordring med tømmerdrift i dette terrenget, og det gjeld både hantering av vatnet og med tanke på kor brattlendt det er.  Vi ser det i ettertid at det kanskje skulla vore vinsja fram herfra. 

Innmed Skrøå er det utfordrande terreng med mykje manuell saging – skulle kanskje ha vurdert vinsjing, seier Bjørn Kåre Sollid. Foto Jon Olav Ørsal

Det er dårleg og vanskeleg masse i grunnen, med både myr og leire.  I tillegg blir det mykje manuell saging når det er så bratt som der her, men vi skal vel få det til etterkvart, seier Bjørn Kåre Sollid.  Sollid reknar med at dei vil ha arbeid i ein månads tid enno, slik som det ser ut akkurat no.  

Lunningsplassen i Halaneset – herifrå blir tømmeret frakta med bil. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 29. mai 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 28. mai 2025, 14:17