Solli Skog er i gang med stor tømmerdrift i Halsetlia. Det er mellom 2- og 3.000 m3 som skal drivast ut i denne omgangen. Både gran, furu og lauvtre skal hoggast og fraktes ned til Øraekra det det er lunningsplass for både tømmer og ved.
Det er på eigedommen til Oppistua Halset at hogstmaskina er i gang, og eit par lastbærere har full jobb med å frakte tømmer og ved ned til vegen, der det etter kvart blir henta av tømmerbilar. Hogstmaskina gjer unna alt arbeid med kvisting og kapping – så tek lastbæreren over og frakter tømmeret ned til vegen.
Karls Johan Husby tok i helga turen opp i Halsetlia, og har sendt oss bilder frå skogsdrifta der.