Det var såpass kaldt på toppane i dag at det var puddersnø, og dermed topp forhold i Bjøråskaret i dag, fortalte Mari og Sondre da vi trefte dei ved Innerdalsmerket som var start- og målpunkt for deira tur. Det var i ettermiddag 10-12 bilar på parkeringsplassen, og dermed ikkje den heilt store utfarten.
I Klevhauan er det så godt som fritt for snø eit stykke nedom Talgø-setra ( til Jobu-hytta), så du må ta skiene på ryggen den første biten på tur opp. Men resten av turen er det rimeleg godt skiføre enno, iallfall så lenge det er såpass nattkaldt.