Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok turen «heimatt» på besøk

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. juli 2025

I 2022 flytta Per Reiten, fødd og oppvaksen i Ørsalgeilen, til ei av dei nye leiligheitene på Moatunet på Bårdshaugen i Surnadal. Per var i mange år sjåfør for Fosen Trafikklag og bodde saman med familien sin på Leinstrand i Trondheim kommune. Da han vart pensjonist, flytta han heimatt til Ørsalgeilen. 

Per Reiten i samtale med f.v. Ståle Ansnes og handelsmann Terje Nordvik. Foto: Hege Reiten Sæther

I 2022 flytta Per altså til Moatunet på Bårdshaugen i Surnadal. Tysdag ettermiddag fekk han dotra si, Hege, til å hente seg, slik at han kunne ta seg ein tur «heimatt» til Ørsalgeilen og Todalen. 

Litt handling før returen til Moatunet vart det også tid til. Foto: Hege Reisten Sæther

Under besøket vart det også tid til ein tur innom kaffekroken på Matkroken Todalen, der Per trefte fleire «gamle» kjente som han fekk slått av ein prat med. 

– Det var en skikkelig glad og veldig godt fornøyd kar som kom hjem til leiligheten sin igjen på Moatunet på ettermiddagen tirsdag, kunne dotra Hege fortelje. – Dette var en skikkelig fin opplevelse for pappa, og han var så glad for at han fikk snakket med så mange kjentfolk på butikken, legg ho til.  

Først publisert: 30. juli 2025, 05:30 - Sist oppdatert: 29. juli 2025, 21:54