Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok storhjorten på Kvitkua…

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. oktober 2015

– I dag har vi skote alle storbukkers far, var meldinga vi fikk til redaksjonen frå Nils Ove Bruset på Halle & Husby jaktlag.  Vi veit ikkje heilt om han har dekning for det, men det var i allfall ein flott 12-takkers kronhjort dei hadde fått has på.  – Jaktlaget starta i dag tidleg med jaging i Petlia, opp mot Skaret, og «storhjorten» hadde nok fått vêret av postane oppå Skaret, for den kom på retur nedatt, og ville prøve å rømme unna over Kvitkua og innover Hallaberga.

Men det gikk ikkje, for opp oppå Kvitkua satt Dan Roger Pedersen på bakpost, og fikk den store kronhjorten nærast i fanget. Dermed fikk den eit velretta skott frå Dan Roger, og da var det slutt og den gikk i bakkan.

DanRogerPedersen_3812

Dan Roger Pedersen var på rett plass til rett tid og fikk kronhjorten på posten sin. Foto: Jon Olav Ørsal

Halle og Husby jaktlag stilte laurdag med rekordstort mannskap – med fleire gjestejegrar, og det kom til god nytte. For trekken var vanskeleg med «nordåvind frå alle kantar», og da er det lett å bli avslørt, for luktesansen fungerer godt på desse dyra, fortel jaktsjef Kristen Halle. Han fortel vidare at dei var i kontakt med fleire dyr, men disse klarte nok å stikke unna og muligens til fjells. Dermed vart det denne kronhjorten som var dagens fangst.

Slakting_PålIvar&JanVidar_3834

Så var det å sette i gang med slakting – nerast ser vi brørne Jan Vidar og Pål Ivar Øyen. Foto: Jon Olav Ørsal

Den hadde eit flott gevir – 12 takker med bredde på ca 85 cm mellom dei ytterte takkane. Etter jaktlaget var foreviga saman med storhjorten gikk mannskapet i gang med slakting og slaktvekta tippa jaktsjefen til å være 115-120 kg.

 

 

Publisert: 24. oktober 2015, 18:43