Dei to siste dagane har det vore jamn trafikk opp Falla og til Kårvatn, der det er storstila påskesal i butikken. – Det har vore skikkeleg bra med folk i butikken dei to første dagane av påskesalet, og det blir vel skikkeleg trøkk etter helga også, med langdag på tirsdag, seier dagleg leiar Laila Kvendset Bergli ved Kårvatn fjellustyr. Det er mange nye fjes, og det er folk både frå nærområdet og langvegs frå, seier Gudmund Kårvatn som er for veteran å rekne i butikken.
Det er nok mange som har respondert på påskesalet, der heile kolleksjonen nå går med 40% rabatt dei 5 siste dagane før påskehelga sett inn for fullt. Enkelte varer har enda større avslag, vi såg iallfall plakat der 70% var nemnt. Salet fortsett i neste veke og, med langdag til kl 19 på tysdag, og rundar av onsdag kl16, før dei tek påskeferie.
Dette er ein effektiv måte å rydde plass til sommarvarene på, seier Gudmund Kårvatn, som no ventar store mengder med sommarvarer inn til butikken og som krev det meste av plassen for å bli ordentleg eksponert. -han fortel vidare at det er mange som kombinerer handleturen med ein skitur oppover Dalalia eller i retning Bjøråskaret, der det enno er fint skiføre. Det var da også mange av kundane i butikken som hadde turantrekk på. Vi kan vel kalle det for kombitur, seier Gudmund til slutt.