Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tok prisen på design…

Tok prisen på design…

Jon Olav Ørsal Fredag 30. april 2010

Denne veka har Surnadal Ungdomsskule arrangert «Gründer-kamp» for elevane i 9. skuletrinn. Det vil seie at dei har vore på ein arbeidsplass for å få litt innblikk i arbeidslivet. Elevane har vore delt i små grupper og har fått tildelt ei oppgåve som dei skulle jobbe med saman med ein veiledar (mentor) frå bedrifta.
Ei av gruppene har vore på PU-avdelinga (produktutvikling) på Talgø og har hatt PU-sjef Anita Talgø som mentor. Det var Niclas Møyholm, Snorre Larsen, Linn Mari Sjømo Garberg og Anne Bøe, og deira oppgåve var å lage ei skisse av eit ungdomsmøbel med funksjonar, som passa for ungdomsrommet.
Elevane tok fatt på oppgåva med stor iver og entusiasme og snart kom den eine skissa etter den andre på bordet, og vart vurdert mot kvarandre. Neste fase var å lage ein prototype i isopor for å prøve funksjonane før den ble lakkert i flotte farger.
Så måtte det lages ein presentasjon, der dei skulle vise produktet og funksjonane på ein skikkeleg måte. Prototypen dei laga var ein ungdomssofa, og den hadde både sovefunksjon, oppbevaringsrom for klær og småting, nedfellbar armlene med koppholder og svingbar datahylle.

PU-sjef Anita Talgø var imponert over engasjementet og syntes det var moro å sjå at elevane tenkte kreativt og fant gode løysingar, og ho hadde berre gode skussmål å gi ungdomane for løysinga dei hadde funne.

Fredag var det dagen for å legge fram resultat for juryen. Dei skulle vurdere resultat ut fra visse kriteria, og jammen gikk gruppa som hadde vore på Talgø heilt til topps i konkurransen. Det var veldig artig, sier Anita Talgø til Todalen.no som også gratulerer med resultatet.     …. og kanskje er det sådd ein spire til å utvikle nye møbeldesignere til møbelindustrien som har lange tradisjonar her i fylket, og ikkje minst i Todalen der Talgø har produsert møblar sidan 1899. 

Les også kva Trollheimsporten skriv om gründerkampen.

Først publisert: 30. april 2010, 19:48 - Sist oppdatert: 2. mai 2010, 20:35