Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok i mot ny prest og nye konfirmantar

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2024

Flott salmesong og triveleg gudsteneste tok i mot nypresten og neste års konfirmantar i kyrkja i dag. Den nye soknepresten Pål Arne Winsnes hadde si første gudsteneste i Todalen i dag, samtidig som kyrkja tok i mot dei to nye konfirmantane som skal konfirmerast 10. mai neste år, og som no skal starte konfirmantopplæringa.

Dagens preken tok utgangpunkt i at «Den gode delen skal ikkje takast frå deg» og Winsnes heldt ei interessant preke til dei frammøtte.  Elles var nypresten imponert over at salmane til gudstenesta vart promotert i Todalen.no med tanke på førebuing og songtrening. Til slutt var det høve til å ga til nattverd, noko mange gjorde nytte av.

Dagens takkoffer gijekk til Misjonsprosjektet i Etiopia – her kan du bruke Vipps# 506908, dersom du vil være med og bidra.  Neste gudsteneste i Todalen søndag 6. oktober kl 19:30 og er altså ei kveldsmesse. Elles vart det informert om at arbeidet med minnelunden startar i neste veke – da blir det også reparasjonsarbeid i tårnet på kyrkja.  

nattverd til den som ville – klokkar Randi V. Bøe og Pål Arne Winsnes. Foto Jon Olav Ørsal

 Etter gudstenesta vart heile forsamlinga invitert til kyrkjekaffe, og hadde da høve til å bli litt betre kjent med nypresten, og sosial kontakt elles. 

Kyrkjekaffe – praten gjekk livleg rundt bordet. Foto Jon Olav Ørsal

Kaffe og kanelsnurrar rundt bordet – foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. september 2024, 13:17