Ola Talgø og Ove Edvin Sæterøy har lagt attom seg ei travel og spennande veke. To år som lærlingar på Møretres elementavdeling er over, og denne veka har det stått praktisk fagprøve på programmet. Den vart gjennomført med glans, og sensorane var godt nøgd med arbeidet til dei to.
Dei hadde først gått to år på tømrarlinja på Surnadal vidaregåande skule og er no altså ferdig med 2 års som lærlingetid og den praktiske delen av opplæringa. Begge to ga uttrykk for at dei var spente, og nok kvidde seg litt, på fagprøven – men det gikk betre enn dei trudde. Den praktiske fagprøven dei fekk, var å byggje eit element til eit hus, og dei har jobba i kvart sitt hjørne av elementfabrikken, med kvart sitt element. Her måtte dei planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidet med prøven. Dei var enige om at det var ganske utfordrande, men det gikk godt og senorane vart godt nøgd med arbeidet.
Fredag ettermiddag dumpa vi borti feiringa som foregikk på kantina på elementfabrikken. Der var det både pizza og kvæfjordkake saman med gode kolleger, og sjølvsagt blomster og gratulasjonar frå leiinga. No blir det ei ny tid for begge to – Ola skal til Setermoen på eit års militærteneste, medan Ove Edvin satsar på jobb som fagarbeidar på MøreTres elementfabrikk.