Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok elgen i Svinvika i dag.

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. oktober 2015

I dag har det vore hjort- og elgjakt i Svinvika, og resultat av jakta vart det. På Gammelsetra kom det ei elgku på Trond Svinvik, som var rask oppe med geværet og felte den. Det var ei fjorsku som vart fangsten,  og det er første elgen som er felt i Svinvika sia 2009.

Med på jaktlaget var også Nils Bergheim med hunden Zelma, Per Gjeldnes og Anders Magne Ormset som har sendt oss bileta frå dagens jakt.

DSC_0021

Elgen vart dregen fram til bomvegen og frakta ned til Nordvik med bil og tilhengar. Frå venstre Trond Svinvik, Per Gjeldnes og Nils Bergheim. foto: Anders Magne Ormset

 

 

 

Publisert: 20. oktober 2015, 21:48