Det har vore mange og store oppslag i media om togbussen mellom Sunndalsøra og Oppdal. Ved budsjettbehandling på fylkestinget kom det forslag om å legge ned dette tilbodet, begrunna med lite passasjertal på strekninga. Dette kom det sjølvsagt mange reaksjonar på, og i ei tid der vi pratar om, og planlegg «det grøne skiftet» så er det naturlegg at slike forslag skaper reaksjonar.
No ser det ut som togbussen er berga ut dette året – det er funne og frigjeve midlar til å finansiere støtte til drifta av bussruta i nokre månader – ut dette året. Dermed har vi fått sjansen til å fortsette å bruke togbussen til Oppdal ei stund – eit tilbod som heile Nordmøre kan bruke. Da er det faktisk lurt å bruke togbussen i fortsettinga, for det var da vel i utgangspunktet lite passasjertal som gjorde at togbussen stod i fare for å bli nedlagt. Det kan vi faktisk gjera noko med!
Det fungerer faktisk slik at tilbud som ikkje blir bruka – eller blir lite bruka – dei kjem bort. Det gjeld ikkje berre bussruter, men også eksempelvis butikkar. Nærbutikkar vil også være i fare for å bli lagt ned, dersom vi ikkje brukar dei. Vi kan gjennom bruk vise at vi har forbrukarmakt til å være med og bestemme kva vi vil ta vare på.