Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tøffingar på fin måneskinnstur

Elinor Bolme Sundag 20. januar 2019

Kveldens fellestur til Gunnøya samla i starten fem stykker ved Bønnavollen som med godt mot trass nesten 15 minusgrader tok fatt på turen ned til gapahuken. Her var det ulikt fottøy på dei oppmøtte; både truger, ski og til og med kun joggesko ville prøve seg i laussnøen. Men stien har siste veka vore godt besøkt, så alle fekk valuta for oppmøtet med månen som lyste opp over bygda.

Turen vart bestemt skulle gå heilt ned til Halsabrua, og før følget kom dit dukka også Laila og Maria Bergli opp. Dei kom beinvegen på ski fra Sandstad og ville bli med før alle gjekk ppatt til gapahuken i Gunnøya og skreiv seg inn i idrettslaget si turbok .

Månen fungerte som utlampe og hodelyktene var til tider overflødige. Foto: Kristine S Ulvund.

Stien er no godt tråkka opp, og kunne fint forserast med joggesko!

Damene som møtte meinte at dette kanskje kunne bli ein ukentleg aktivitet. Derfor; ny tur neste søndag, same stad men da klokka 18.30 etter ønske frå andre som også kunne tenkt seg å vere med.

 

Publisert: 20. januar 2019, 21:51