I dag hadde Surnadal Pensjonistlag årets første trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Sjølv om det var dårleg føre med snø og vind, møtte den «harde kjerne» opp for å vere med på ei trimøkt og sosialt samvær. Surnadal Pensjonistlag har vore så heldige å få med seg fysioterapeut Oda som instruktør på torsdagar utover etterjulsvinteren.
Surnadal Pensjonistlag sitt trimtilbod går føre seg i Meierisalen på Landbrukshuset kvar torsdag klokka 11:00 utover etterjulsvinteren.
Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag oppfordrar folk til å bli med på trim og sosialt samvær torsdagane klokka 11:00, no når vêr og føre, ikkje alltid innbyr til ein trimtur!
Medlem i Todalen.no