Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem. Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno – knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne. Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom.
Snøfallet og mykje regna og dårleg vêr har gjort sausankinga arbeidssom i år og det har også ført til at vi er på etterskot med dette no da. Håper at det no er litt betring i vêrprognosane slik at ein får gjort eit skippertak med sankinga i helga og utover i neste veke – før det kjem meir snø i fjellet. Har prioritert å få ned dei sauene som stod i snøen på Tælafjellet, og plana er å prøve å få dei heim på fredag. Måtte gjera tre forsøk før vi lykkast – måtte faktisk trappe veg til sauene for å få dei med til bar mark i Romådalen.