Dagens World Cup-opning i Adamello i Italia var ein tøff start for Erik Kårvatn som stiller i 20-årsklassen på NSFs landslag for første gong. På prologen i dagens sprintkonkurranse kom Erik på 24.-plass i klassen med totalt 39 deltakarar. Lagkameraten frå landslaget, Trym Dalset Lødøen kom på 14.-plass i same konkurransen.
Både Kårvatn og Lødøen raukk ut i kvartfinalen i konkurranse med sterke kandidater frå Mellom-Europa. Finalen vart vunne av sveitsaren Robin Bussard. Fredag er det vertikal, som går ut på å være førstemann til toppen. Fredag blir ein spennande dag i Adamello.