Det vart ein tøff VM-dag i varmen i Andorra. Men den norske troppa som er plukka ut for å delta har all grunn til å være nøgd med resultatet. Beste resultat oppnådde Ingeborg Synstenes Hole som fekk bestetid i damer junior klasse A på tida 47.06, medan Ida Waldal kapra andreplassen i damer junior klasse B knappe 44 sekund etter klassevinnaren. I herre junior klasse A kom Aron på 11.-plass med +9,25 etter vinnaren og i herre junior klasse B sikra Erik Kårvatn seg 13.-plassen med +5,44 etter vinnaren.
I menn junior kl b var det Trym Dalset Lødøen som var beste norske med 6. plass, berre 3,56 etter vinnaren og Iver Synstenes Hole vart nr 8, 5,14 etter. I klassen menn 23 kom Morten Antonsen på ein 15.-plass med 5,04 etter klassevinnaren.
Erik og Aron representerer Trollheimen Fjellsportklubb, og resultatet viser at dei så absolutt er med i teten i sine klassar. I klassen junior menn klasse A var det totalt 33 deltakarar, i klasse junior menn B var det 40 deltakar.
Litt meir fakta om arrangementet:
Dette er eit VM-arraangement for ungdom, med 25 deltakarland og heile 161 deltakarar som stiller på startstreken så det er utan tvil eit stort og omfattande arrangement. Dagens løp satte store krav til deltakarane – det er høg temperatur og løpet foregår i høgda – på rundt 2580 meter over havet.
Søndag vil bli dagen for store prestasjoner. Ungdom A-utøvere (15-17) vil løpe på ein 14 km løype med 1300 m vertikal stigning, mens Ungdom B og U23 vil løpe en lengre løype på 19 km med 1450m vertikal stigning, og topper i 2717m høyde på Pic de les Skrifter.
Med andre ord litt av eit arrangement!
Bildegalleri frå dagens løp i Andorra – foto Gudmund K.