Det er Rune Hannem som seier det – no er det berre Nordmørspols etter Todalstradisjon som er att, og alle dei andre variantane er borte. Derfor inviterte Rune Hannem og kona Jorun seg til Todalen for å arrangøre Polsdanskurs. Søndag kveld var det rundt 20 deltakarar som svinga seg til takter frå Torgeir Leivdal som trakterte fela i gymnastikksalen i bygningane til Todalen skule.

Instruktørane denne kvelden var Rune Hannem og kona Jorun – medan Torgeir Leivdal sørga for musikken og var sjølve krumtappen i heile kurset ifølge Rune. Foto Jon Olav Ørsal
Rune Hannem og kona Jorun har funne vegen til Todalen frå Tingvoll, og var instruktørar denne kvelden, medan Leivdal altså sørga for dansemusikken. Hannem understreka kor viktig det er at Todalspolsen blir teken vare på slik at den kan førast vidare til slekter gang. Polsdansen i todalstradisjon er nemleg den største skatten dere har i Todalen, så det er ille om den kjem bort og blir gløymt.
– Eg står egentlig i en takknemlegheitgjeld til todaleingane, for det var dei som lærte meg dansen. Den tida var det Narve Talgø, Olina Halle, Anders og Ragna Ansnes med fleire som dreiv på. No er det snart eit par mannaldrar sia, så det er på tida at eg fører dette vidare slik at eg kan «pensjonere» meg, seier Hannem.
No kjøres det altså kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon – Skulstuå i Todalen er arrangør, og det skal kjørast kurs i 4 kveldar med 2 timar kvar av kveldane. Da vi var innom var det full sving på dansen i gymnastikksalen, og dansarane svinga seg godt i dansen. I pausen var detlagt opp til nystekte bakels og kveldsmnat til deltakarane, før dei dansar seg gjennom den siste økta for kvelden.