Utover heile føremiddagen har det vore leita etter vannlekkasje på anlegget til Todalsøra vassverk uten resultat. No er tankane i ferd med å fylles opp, og da vil det bli prøvd å sette på trykk på dei forskjellige greinene av rørnettet for å prøve å lokalisere lekkasjen.
Arbeidet blir leia frå anlegget i Oppistulia, der vassverket har etablert base for arbeidet med å lokalisere feilen. I mellomtida har det vore søkt både i og omkring hus – og i terrenget der tilførselsrørene går. Til no i 13-tida har ein altså ikkje klart å finne nokon lekkasje, fortel Terje Nordvik og Erling Halle som no leiar arbeidet med å finne lekasjen.
Vidare utover dagen kan det no bli sett på trykk på en kurs om gangen – håpet er da at en i første omgang kan avgrense letiteområdet og gjøre det lettare å finne feilen.
Siste – tysdag kveld:
Det er i løpet av dagen klart at det er to lekkasjar som delvis er lokalisert og har ført til at Teigen er koplet frå og i tillegg er abonnentane på ytre del av Todalsøra koplet frå. For dei øvrige er leveringssituasjonen normalisert no i kveld. På Todalsøra er det og sett på trykk ein periode, slik at abonnentane skal få bruke vatn til dusjing og anna bruk – og fylle opp bøtter til reserve. Lekkasjen på Todalsøra må sjekkes ut ondag når det er fjære sjø. Arbeidet med å få normalisert vassforsyninga fortsett i morgon tidleg, fortel Håvard Halset som er leiar i vassverket.